Åseral og områda rundt har lassevis av deilige skiløyper, som blir flittig brukt i vinterhalvåret. Fellesnevneren for mange av desse løypene er at det er ein del oppfor (og nedfor) bakker gjennom heile turen, noko ikkje alle er like begeistra for. Så, er du ein av dei som saknar ei stakeløype, kan eg komme med ein gledelig beskjed: den finnes! I dag testa eg nemnelig ei brenn ny løype for min del, som rett og slett mest er utelukkande slak, kun enkelte småbakker. Den var heilt nydelig! Topp køyrde, og nesten urørte spor, i vakker natur.
Bonus på denne turen er eit smellfint hyttetun i enden av løypa, og muligheten til å forlenge ruta opp til Saurbu, ein gamal busettningsplass.
Facts:
Kvar: Bortelid, i enden av vegen-parkering med Juvatn (er skilta).
Lengde: 17 km tur retur
Passer for: alle!
God tur!